Gå til innholdet

Apotekforeningen

Nyheter

OBS! Dette er en gammel artikkel og innholdet kan være utdatert

04|13: Ynskjer enklare oppgjer for H-reseptar

H-reseptordninga vart etablert 1. juni 2006. Både apotek og helseføretaka ynskjer ei oppgjersordning som er mindre ressurskrevjande enn den vi har i dag. Apotekforeningen arbeider for at den vert så apotekvenleg som mogleg.


11.12.2013

04|13: Ynskjer enklare oppgjer for H-reseptar

H-reseptordninga er for tida under revisjon.

Legemiddel i H-reseptordninga er ein stor utgiftspost for helseføretaka. For apoteka er dette kostbare legemiddel å kjøpe inn. Avviste krav kan få store økonomiske konsekvensar. Helse- og omsorgsdepartementet gav i 2011 Helsedirektoratet i samarbeid med Apotekforeningen og Helseføretaka i oppdrag å vurdere nytten av betringar i ordninga. Prosjektgruppa leverte sin rapport i 2012.
 
Papirbasert løysing
Rapporten frå prosjektgruppa peikar på fleire utfordringar med dagens ordning. Helseføretaka oppnår ikkje god nok kostnadskontroll og kan heller ikkje fylgje opp ordninga slik dei ynsker.
 
For apoteka er hovudutfordringane tungvinn fakturering og at all informasjonen ein treng for å sikre at resepten vert refundert ikkje er integrert i datasystemet FarmaPro. Ei papirbasert løysing med fleire -manuelle prosessar er ressurskrevjande å vedlikehalde og aukar sjansen for feil. Apotekforeningen jobbar for ein betre arbeidsflyt i ekspederinga av H-reseptar.

Rekvireringsrett
Prosjektgruppa trekk fram ynskje om lettare å kunne identifisere kven som kan rekvirere H-reseptar. Alle legar kan føreskrive legemiddel som er med i H-reseptordninga, men det er berre definerte sjukehuslegar og avtalespesialistar som kan gjere det på helseføretaka si rekning. I dag vert listene med avtalespesialistar lagt ut på Apotekinfo og apoteket kontrollerer dei manuelt.
 
Ved ekspedering av H-reseptar frå sjukehus kan ikkje apoteket sikre anna enn at resepten er rekvirert frå eit sjukehus. Eit av forslaga til prosjektgruppa er at Helsepersonell (HPR)-registeret i framtida inneheld informasjon om kven som kan rekvirere H-reseptar på helseføretaka si rekning. Ein ser for seg at apotek finn ut kven som kan skrive ut H-reseptar i rekvirentregisteret i FarmaPro. Apoteka er van med å kontrollere rek-vi-rerings-rett for sentralstimulerande legemiddel.

Ekspedering av korrekt legemiddel
LIS (-Legemiddelinnkjøpssamarbeid) gjennomfører årlige anbod for lege-middel som inngår i H-resept-ordninga. Sidan ingen av dei HF-finansierte legemidla er oppført på byttelista kan ikkje apoteket byte til andre formuleringar utan å konferere med lege. Anbodsprosessen gjer og at rommet for å bruke farmasøytisk skjønn er lite om ein ikkje når føre-skrivar. Fleire av merkevarene kjem i ulike formuleringar og prisen varierer mellom formuleringane. Lojalitet til LIS-avtalen er svært viktig for å redusere helseføretaka sine kostnader.
 
Auka bruk av rimlegaste variant av Enbrel i 2012 førte til at helseføretaka sparte 80 millionar kroner. Seinast i juni i år kom helseføretaka med ei påminning om val av rett formulering ved utlevering av Simponi. Simponi ferdigfyllt sprøyte har ein stipulert årskostnad per pasient som er 19 618 kroner rimelegare enn den ferdigfylte pennen. Helseføretaket understrekar at omsetningstatistikken deira ikkje viser om det er legar eller apotek som ikkje fylgjer LIS-rettleiinga ved val av Simponi-formulering.
 
Apotek skal ekspedere H-reseptar nøyaktig etter resept. Dersom apotek byter til ei dyrare formulering utan å konferere med lege kan apoteket stillast økonomisk ansvarleg for dei auka kostnadane til sjukehuset.
 
– Helseføretaka opplever at apotek til tider ikkje følgjer avtalen og -ekspederer eit anna varenummer enn det som står på resepten. Frå apoteket si side trur vi dette ofte handlar om at den enkelte medarbeidar relativt sjeldan ekspederer enkelte av dei HF-finansierte legemidla, seier Tore Reinholdt som representerte Apotekforeningen i prosjektgruppa.
 
I dag er det lagt inn ei sperre på ATC-kodar som hindrar apotek i å -ekspedere virkestoff som ikkje er med i ordninga på H-resept. Det er inga form for merking av dei formuleringane som er førsteval i LIS-anbodet. I framtida ynskjer ein å sikre korrekt føreskriving ved at legemidla saman med refusjonskode vert merka i Lege-middelverket si Forskrivnings- og ekspedisjonsstøtte (FEST).
 
Betre kostnadskontroll og elektronisk oppgjersløysing
I dag hindrar teieplikta apotek i å utlevere personsensitive data til RHFane. Helseføretaka treng tilgang til det for å fylle krava i regnskapslova og bokføringslova. Informasjonen er og avgjerande for oppfylging av rekvireringsretningslinjene for den enkelte preparatgruppa.
 
Dersom apotek i framtida skal kunne utlevere informasjonen helseføretaka ynskjer trengs det ein ny heimel i lova. Det er foreslått at oppgjersordninga for HF--finansierte legemiddel vert lovregulert i den komande Pasientjournallova. Under denne lova er det venta at det kjem ei forskrift med meir detaljert regulering av H-reseptordninga.
 
Lovregulering av ordninga vil og opne for å innføre elektronisk fakturering slik som vi har for blåreseptar i dag. Med elektronisk fakturering og e-resept innført på sjukehus treng ikkje apoteka arkivere reseptane slik som i dag. RHF-ane har satt i gang utgreiing om elektronisk fakturering. Apotekforeningen kjem med innspel for at løysinga vert så enkel som mulig for apoteka.
I framtida ynskjer ein gjennom elektronisk kontroll å kvalitetssikre at rett legemiddel vert rekvirert, utlevert og fakturert. Ved å innføre same kontrollmekanismar hjå apotek, lege og helseføretak vert oppfylging av H-resept-ordninga lettare for alle partar. Apotekforeningen fremjar apotekbransjen sine ynskjer i saka.



H-RESEPT ORDNINGA

Sidan oppstarten har Apotekforeningen, på vegne av sine medlemmar, framforhandla ein oppgjersavtale med dei regionale helseføretaka (RHFane). Ordninga er for tida under revisjon. Omsetninga av legemiddel som er med i H-reseptordninga har auka jamt sidan oppstarten i 2006. I denne perioden har fleire legemiddel vorte inkludert i ordninga samtidig som preparata har fått fleire brukarar. I 2012 finansierte Helseføretak (HF) legemiddel i H-reseptordninga for over 1,3 milliardar kroner. Etanercept omsette åleine for over 471 mill-ionar (Kjelde: Apotekforeningens bransjestatistikk).
 
• Første juni 2006 vart finansieringsansvaret for TNF-α-hemmarar brukt utanom sjukehus overført fra folketrygda til helseføretaka. 
 
• Ved at dei som initierer behandlinga også står for finansieringa av desse kostbare legemidla sikrar ein best mulig kostnadskontroll og hindrar forskrivingsvridning pga. finansieringssansvar.
 
• Ordninga er i dag utvida til fleire legemiddel.
 
• I dag omtalar ein preparata som kan ekspederast på H resept som Helseføretak (HF) finansierte legemiddel.
 
• Hausten 2013 vart tre nye MS-legemiddel overført til ordninga
 
• Tre kreftlegemiddel er føreslått overført til helseføretaksfinansiering frå 1. Januar 2014
 
• Det er venta at ordninga vert ytterlegare utvida i framtida



LIS & H-RESEPT
• LIS (Legemiddelinnkjøpssamarbeid) har spesialistgrupper som utarbeidar retningslinjer for preparatval ved utskriving av H-reseptar
 
• Rettleiinga gjeld ved oppstart og skifte av legemiddel
 
• Lægste tilbodspris er grunnlag for preparatval når det ikkje finnes klart dokumenterte skilnader på effekt og biverknader
 
• Avvik frå føringane om val av rimelegaste legemiddel kan være aktuelt for enkelte pasientar. Årsaka skal då grunngjevast og dokumenterast i journalen til pasienten



H-reseptar i dag:
 
  • Fleire manuelle prosessar
  • Aktiv oppsøking av informasjon
  • Ressurskrevjande oppfylging både for apotek og helseføretak

Framtida?
  • Informasjon vert presentert for den som registrerer H-resepten
  • Elektronisk fakturering og kontrollmekanismar sikrar rett rekvirering, utlevering og fakturering


Av Solveig Henjum, Apotekforeningen
TILBAKE

Kontakt oss

Apotekforeningen © 2024
Slemdalsveien 1, Postboks 5070 Majorstuen, 0301 Oslo
Tlf: +47 21 62 02 00
Nettredaktør:

Personvernerklæring